Shopping security
Få reine hender og mjuk hud med Fjellbit si heimelaga håndsåpe med talg og furunål – ei næringsrik, naturleg og allergivenleg såpe heilt utan kunstige tilsetjingsstoff.
Den heimelaga såpa er laga med lokale ingrediensar frå Skjåk – i Skjåk av lokale fagfolk med hjarte for naturlege produkt som gjer godt for kroppen.
Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Skogsdraumsåpa inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe med eit hint av planter og urter i dei som inneheld det. Såpene passar difor godt for både ung og gamal, kvinner og menn.
KORLEIS BRUKE SÅPA:
Brukes til handsåpe, fukt såpa i rennande vatn og smør den på hendene,
skyll av med lunka vatn. Såpa kan også nyttast som kroppssåpe og ansiktsåpe, då bruker ein den på samme måte som til hendene, eller ein kan ta såpe på ein vaskeklut.
Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.
SÅPA INNEHELD EI REKKE GODE INGREDIENSAR:
Drøym deg til skogs med Fjellbit Skogsdraum – ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg såpe med 100 % naturlege ingrediensar.
Talgsåpa er mild, og kan brukast som både håndsåpe og kroppssåpe.
Det er lange tradisjonar i å bruke talg frå storfe til såpe på gardane rundt omkring. Talg er svært næringsrik, og inneheld blant anna mange vitamin som er bra for huda. Feittsyrene trekker lett inn i huda di utan å tette porene. Oljene i talgsåpa gjev fukt og pleie til huda.
Den håndlaga såpa blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild kjem frå. Urtene blir plukka på garden eller i skogen rundt. Talg frå elg og hjort kjem frå lokale dyr, og er ein ressurs som ellers ville bli kasta.
INNHALD INCI: Olea Europaea Oil, sodium cocoate, tallow, Canola oil, Pinus Sylvestris Leaf.
INNHALD PÅ NORSK: Olivenolje, kokosolje, talg frå elg og hjort, rapsolje, furunål.
PRODUKTFORDELAR:
Vekt: 80–90 gram
Ships within 48 hours · Estimated delivery Jun 22 - Jun 27
US$40
Get nowSign up to your membership to get coupons up to
15%
Get nowOpportunity to enjoy order discount up to 15% off
Top-Converting Item to Boost Your Average Order